Våre tenester

Steinarbeid

Vi utfører alt steinarbeid som natursteinmurer, trapper, brosteinsbelegg, skiferplasser, kulestein og belegningsstein.

Vi set vår ære i å levere godt handverk. For at arbeidet skal holde seg fint i unendeleg tid, er det heilt avgjerande at det er eit godt fundament. Vi bistår gjerne med fundamentering.

Hageplanlegging

Ynskjer du ein hageplan eller planteplan? Med bachelorgrad i hageplanlegging og mykje erfaring med hagedesign bistår vi gjerne med idear og teikningar for utforming av din hage. Hageplanlegging er ein prosess, der vi drøfter ulike løysingar. Det heile blir til ein hageplan som er skreddarsydd til dine ynskje og behov.

Vedlikehald av hager og grøntareal

Vi utfører alt vedlikehaldsarbeid i hager og grøntareal. Klipping av hekk, beskjæring av busker og tre, ugraskontroll, klipping av plen, mm.

Vedlikehald av planter krev artskunnskap og kjennskap om planta sine eigenskaper og krav til vekseplass. 

Arboristarbeid

Vi tar på oss arboristoppdrag som beskjæring av tre, trefelling, planting og omplanting av tre. Beskjæring av tre krev god kjennskap om treet sitt anatomi, eigenskapar og riktig beskjæringssnitt.

Vi har sertifisert 'European Tree Worker' og held oss oppdatert gjennom tett samarbeid med arboristmiljøet og Norsk Trepleieforum.


Kulturlandskapspleie

Slått av blomstereng, rydding av beite, vedlikehald og slått av stier og restaurering av gamle steintrepper og murer er ein del av vår arbeidsoppgåve. Refenseprosjekt er Nærøyfjord landskapsvernområdet og treppene opp til Jonstøl i Ulvik.

trearbeid

Plattinger og tretrepper. Alt frå fundamentering til sjølve trekonstruksjon.