Egen hage

Parkeringsplass
Det er fint å kombinere ulike typer naturstein, som murstein, skifer, brostein og kulestein som her ved garasjen.
Naturstein er ikkje den billigaste varianten, men dersom grunnarbeidet er gjort skikkeleg, held det seg i uendeleg tid.
Kulestein passar kun til køyring, brostein både til køyrefelt og gangtrafikk, medan skifer passer kun til gangtrafikk.

Inngangsparti
Nokre blomar i inngangspartiet er ein kjekk velkomst til dei som kjem på besøk. Det er fint å ha bilparkering litt vekk frå inngangen, slik at du kan lage ein gangsti og nokre bedd ved inngangsdøra. Her har eg brukt skifer i betong framfor inngangsdøra, slik at det held seg ugrasfritt og eg kan spyle plassen med høgtrykkspyler.

Hagedam
Kva er ein hage utan dam? Ein dam, der du ser fisk ned i vatnet, augestikkarar, vintererler og svaler som jakter insekt, og kanskje til og med ein hegre som jakter på frosk? Det er alltid noko som skjer nede ved dammen.
Det er ein fordel å ha ein litt større dam, det gjer biologisk rensing mykje enklare. Strandsoneplanter som Iris og Bekkeblom sug næringsstoff ut av vatnet og hindrer algevekst.
Det er viktig -og lovpålagd- å sikre dammen mot drukningsfare. Ein halvanna meter høgt gjerde held ungane utanfor.

Natuursteinstrapp
natursteinstrapp av lokal skifer.

Utegrill
Murt opp av ulike steintyper, mellom anna Førde granitt og lokal gneis. Kleberstein på innsida.

Grunnmur
Bygt opp av lokal gneis.