OM OSS

"Ein lidenskap som varer heile livet"

Hardanger Hagemiljø er eit enkeltmannsføretak av Harry Dijkstra. Firmaet vart stifta i 2016. Så langt har vi stort sett jobba med privathager. Med stor interesse for alle aspekt av faget,  er det alltid kjekt å kome i gang med nye prosjekt. 



Min bakgrunn

Med anleggsgartnarutdanning og bachelorgrad i hageplanlegging  og to år arbeidserfaring frå Nederland, var eg så heldig å få jobb som lærar ved Hjeltnes Vidaregåande Skule. Her har eg hatt undervising for anleggsgartnarelevane og seinare arboristane på fagskulen. I tillegg har eg hatt formelt ansvar for vidareutvikling av parken på Hjeltnes. Denne bakgrunnen legg grunnlaget for mitt eige firma, og sikrar ein høg kvalitet i arbeidet vi gjer. 

  • .